This is the Trace Id: 8c33a0eeaa24db70895f0d0282925717
Hopp over til hovudinnhald Azure Copilot Windows Surface Xbox Outlook Accessories Microsoft AI Microsoft Tryggleik Azure Dynamics 365 Microsoft 365 for bedrifter Microsoft Power Platform Windows 365 Microsoft Developer Dokumentasjon Microsoft Learn Microsoft Tech-fellesskap Azure Marketplace Visual Studio Software companies View Sitemap

Språkgrensesnittpakke (Language Interface Pack) for Windows 7

Windows 7 Language Interface Pack (LIP) gir deg eit delvis omsett brukargrensesnitt for dei mest brukte områda av Windows 7.

Viktig! Ved å velje språk nedanfor endrar du alt sideinnhald til dette språket.

  • Versjon:

    1.0

    Dato publisert:

    15.7.2024

    Filnamn:

    LIP_nn-NO-64bit.mlc

    LIP_nn-NO-32bit.mlc

    Filstorleik:

    4.0 MB

    2.5 MB

    Windows Language Interface Pack (LIP) gir deg ein delvis omsett versjon av dei mest brukte områda av Windows. Når LIPen er installert, vil teksten i vegvisarar, dialogboksar, menyar, emne i Hjelp og støtte og andre element i brukargrensesnittet bli vist på LIP-språket. Teksten som ikkje er omsett, blir vist på originalspråket for Windows 7. Dersom du for eksempel har kjøpt ein norsk (bokmål) versjon av Windows 7 og installert ein nynorsk LIP, vil delar av teksten framleis vere på bokmål. Det er mogeleg å installere Windows-LIPar på alle Windows 7-versjonar.
  • Støtta operativsystem

    Windows 7

    • Microsoft Windows 7
    • Installasjon av det påkravde originalspråket for Windows 7: Norsk (bokmål)
    • 4,63 MB ledig plass til nedlasting
    • 15 MB ledig plass til installasjon

  • ÅTVARING! Dersom du har aktivert BitLocker-kryptering, må du deaktivere krypteringa før du installerer LIPen. Opne Kontrollpanel, merk System og sikkerhet og deretter BitLocker-stasjonskryptering. Klikk Deaktiver beskyttelse. Det er to ulike nedlastingar for 32-bitars- og 64-bitarsversjonane av Windows 7 LIP. Før du startar nedlastinga, må du derfor finne ut kva versjon av Windows 7 du har installert:
    Klikk Start-knappen, høgreklikk Datamaskin og vel Egenskaper. Då får du opp grunnleggjande informasjon om datamaskina.
    Finn Systemtype i delen System. Her ser du om du køyrer 32-bitars eller 64-bitars versjon av operativsystemet Windows 7

    For å installere 32-bitarsversjonen kan du anten

    1. klikke Last ned og deretter klikke Åpne for å installere LIPen


    2. eller

    3. klikke Last ned
      • Klikk Lagre for å kopiere fila til datamaskina di.
      • Gå til den nedlasta fila og dobbeltklikk henne for å installere LIPen

    For å installere 64-bitarsversjonen må du bruke alternativ 2 ovanfor.